Fjæreidvatnet rundt
16 oktober klokka 10.30 stilte 33 turklare seniorar på parkeringsplassen ved Fjell kyrkje. Vi kjørte til ein parkeringsplass i enden på Fjæreidevegen og starta fotturen derifrå.
Vi følgde stien langs vestsida av vatnet, og etter ca ein time kom vi til ein rasteplass i enden av vatnet, der anleggsvegen frå Apalvågen kjem opp. Der passa det fint å ta nistepausen.
Vi følgde så stien vidare, bratt opp og bratt ned, og kom oss med dristige hopp over elva mellom Engesvatnet og Fjæreidvatnet. Deretter gjekk turløypa over nokre høgdedrag med fin utsikt før vi kom ned til vegen og parkeringsplassen.
Takk til alle for ein fin tur!

Mange små elver måtte kryssast

Lunsjpause
Foto: Tormund Wågø

Langs Fjæreidvatnet
Foto: Tormund Wågø

Det passa fint med eit dikt av Jakob Sande på toppen!
Foto: Tormund Wågø