Bildevatnet rundt

Onsdagstur med regn i lufta og is på bakken

Mykje motbakke i starten
Mykje motbakke i starten Foto: Tormund Wågø

12 turlystne seniorar stilte opp på parkeringsplassen ved Fjell kyrkje onsdag 13. november. Vi kjørte så til Bildøybakken, der vegen opp til demninga startar

Etter ein lang motbakke på asfalt gjekk vi inn på stien som går på austsida av Bildevatnet. Her var det ganske vått og litt is innimellom, men litt mindre regn og ei lysstripe på himmelen i sør hjalp på humøret.

Vi tok ein kort matpause der løypa svinger rundt sørenden av Bildevatnet, deretter følgde vi løypa på vestsida av vatnet tilbake til demninga og vegen ned til dei parkerte bilane.

Takk til alle turgåarane for ein noko våt, men grei tur!

Noko vått og isete innimellom
Noko vått og isete innimellom Foto: Tormund Wågø
... og litt klatring
... og litt klatring Foto: Tormund Wågø
Matpausen vart ikkje så lang i småregn og 3 - 4 grader
Matpausen vart ikkje så lang i småregn og 3 - 4 grader Foto: Tormund Wågø

Skrevet av Tormund Wågø 13. november 2019