Siste seniortur for Fjell Turlag i 2019 var på Nordre Bildøyna

Mange ville gå med oss på denne enkle turen.
Ikkje så mange møtte på Fjell i dag, men på parkeringsplassen på Bildøyna var det fleire som venta på oss. Vi vart tilsaman 36 turgåarar og ein hund i turfølgje som gjekk vegen/stien mellom hyttene på nordre Bildøyna.
Lengst ute såg det ut til å bli trangt om plassen ved matpausen, men det ordna seg bra. Ein fin, sosial flokk turgåarar var ikkje redd for å sitja tett saman. Her var fin utsikt over ein blank, stille sjø, og over til Råna og Kolltveitlandet.
Tilbaketuren gjekk på same sti. Fleire bemerka at dei var ikkje klar over kor mange hytter her eigentleg var.
Det vart ein fin, enkel tur. Stille ver utan regn, 4-5 plussgrader. Fantastisk. Turtid 2.5 timar.
Seniorgruppa i Fjell Turlag har i 2019 gått 33 onsdagsturar. I tillegg til dei har vi hatt 5 døger opphald med dagleg turar på Golsfjellet. Dugnad har vi hatt to gonger; onsdagane i skulens vinter og haustferie.
Onsdag 4. desember vert det sosialt samvær på Røde Kors Huset, Straume. Les om det her: Påmeldingsfrist er i dag 27. november.
Første tur i 2020 er 15. januar. Du kan lese om turane for 1. halvår 2020 som ligg her: Dei fleste er publisert på heimesida. Nokre få manglar.
Turkalenderlista som vi pleier å dele ut for kvart halvår vart delt ut nokre i dag. Dei vil også bli delt ut på neste onsdag til dei som vert med der.






