Tøffe seniorar på tur i vind og hagl

Ute på Ørnnipa i vinden
Ute på Ørnnipa i vinden Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

I dag var dagen då vi i Seniorgruppa starta med turgåing igjen, i det nye året.

På Fjell der vi har vår faste oppmøteplass var det berre fire turgåarar som møtte kl. 10.30. Det var nok fordi vi gjorde eit unntak denne gang slik at ein kunne møte direkte på parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje. Der vart vi tilsaman 33 personar som starta å gå på Kyrkjevegen mot Hjelteryggen. Kyrkjevegen er ein grusa turveg. 

Planen var ein avstikkar ut i marka til Ørnnipa 110 m.o.h. med fin utsikt. Det var vått i stien det såg vi, men folket ville gå likevel.

Det var mykje vind på toppane vestover, og spesielt ute på Ørnnipa. Her kunne vi ikkje tenkje på å ha matpause. På tilbaketuren mot Kyrkjevegen fann vi ein lun plass der vi tok matpausen.

Så var det påan igjen i turløypa. No kom det ei haglbye midt i mot. Hagla piska godt så det beste var å snu ryggen til for ei stund, mot der hagla kom frå.

Denne tøffe gjengen vandra så vidare til Høgafjellsvegen på Hjelteryggen. Her kunne vi igjen nyte utsikt, både over land og sjø. 

Tilbaketuren var no strake vegen på Kyrkjevegen til parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje. Innimellom såg vi gløtt av sola, men skyene ville ikkje sleppe ho skikkeleg fram.

Turtid var sett til ca. 3 timar. Vi reknar den frå oppmøte på Fjell, og 3 timar gjekk med.

Hjarteleg velkommen til ein ny turgåar i dag. Vi ønskjer også fleire velkommen om de har lyst å gå med.

Vel de å gå i ei gruppe så skal vi gå samla i gruppa med 1. turleiar framme og 2. turleiar bak. Hugs det alle som går med oss.

I dag hadde 2. turleiar både pluss og minus i flokken undervegs og kor mange i mente var vanskeleg. De turgåarane går på eige ansvar, men vert de "akterutseilt" eller noko hender så har turleiarane også litt ansvar.

Eg har fått lov å meddele til dagens turgåarar frå den som vart henta i ambulanse i dag; Det går bra. Etter ein tur på Haukeland sjukehus og grundig undersøkelse er vedkomande heime att.

Takk for turen!



Utsikt mot Kotavatnet, Larslia, Grunnavågen og litt oppe til venstre noko av Åttringjen som alt høyrer til Foldnes. Lenger bak i bilete ser vi nordre Bildøyna og Kolltveit.
Utsikt mot Kotavatnet, Larslia, Grunnavågen og litt oppe til venstre noko av Åttringjen som alt høyrer til Foldnes. Lenger bak i bilete ser vi nordre Bildøyna og Kolltveit. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Fin utsikt frå Ørnnipa, men vi måtte passe oss i vinden. Det er høgt utfor kanten. Mot nord her ser vi begyggelse på Askøy.
Fin utsikt frå Ørnnipa, men vi måtte passe oss i vinden. Det er høgt utfor kanten. Mot nord her ser vi begyggelse på Askøy. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Tilbake frå Høgafjellsvegen mot Kyrkjevegen.
Tilbake frå Høgafjellsvegen mot Kyrkjevegen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Herfrå går vi strake vegen til parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje.
Herfrå går vi strake vegen til parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik