Lutatangen 22.01. 20

Foto: Tormund Wågø

Onsdagstur ut til storhavet på Golta

Etter veker med kuling og regn kom turdagen onsdag 22.01. med sol og lite vind. 28 solhungrige seniorar møtte opp på parkeringsplassen ved Fjell kyrkje. Vi fylte opp bilane og kjørte til ein parkeringsplass som ligg på grensa mellom øvre og nedre Golta, der turstien startar.

Det var noko vått i terrenget somme plassar, men lenger vest på øya vart det meir svaberg, og dei var tørre og fine å gå på i januarsola.

Vi fann ein grei nisteplass på svaberga heilt vest på øya. Deretter var det same stien tilbake til parkeringsplassen.

Takk til alle for ein kjekk tur!

Kjekt med ein planke der det er vått
Kjekt med ein planke der det er vått Foto: Tormund Wågø
Nistepause på svaberga
Nistepause på svaberga Foto: Tormund Wågø
Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Tormund Wågø 22. januar 2020