Seniorgruppa hadde dugnad i dag 26.02.20

Ein kjekk gjeng vart med på dugnad i Fjellparken. Det var rett og slett ein dugnadstur.
I turlagshuset på Fjell møtte det ni personar, seks menn og tre kvinner. Dei var alle klare for å gjera ein innsats med å setja opp vegvisarskilt og raudmåla pinnar for merking av turløyper i Fjellparken.
Vi delte oss i tre grupper. Nokre køyrde til Fjell Festning og andre til demningen ved Bildevatnet. Ein del utstyr skulle vi ha med slik som boremaskin, rikeleg med pinner til merking av løyper og anna tungt utstyr. Veldig kjekt at vi fekk køyre heilt til der vi gjekk ut i terrenget.
Nokre tok seg av skilta som låg nede, og fekk satt dei opp. Andre banka ned merkepinnar langs austsida av Bildevatnet. Så no er turen rundt Bildevatnet godt merka. Har du ikkje gått her før, ta deg ein tur så finn du nok fram.
Det var sol, litt isete på bakken og berga, og kald vind. Men vi var godt kledd. Under matpausen var det å finna ein lun plass og snu ryggen til vinden.
Det vart ein trivelg tur. Herleg å vera ute! og samstundes gjera litt nytte for seg.





