Onsdagsgruppa sin tur 11.11.2015

Det var ein fin tur, med herleg frisk vind og nesten ikkje nedbør då vi gjekk til Tenneset/Tennesnova. 2 havørner svevde over oss på eit område der ute på stien.

Stien var blaut og berga sleipe. Litt både oppover og nedover bakkar, men alle 9 turgåarane klarte seg fint på turen som vart 3 t. og 50 min. ute i terrenget. Med køyring tur-retur i tillegg så vart det ein tur på nesten 5 timar.

Skrevet av Arild Halvorsen 22. november 2015