Dårleg vær er inga hinder for Seniorgruppa å gå tur.

Seniorgruppa på Turboplassen
Seniorgruppa på Turboplassen Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

15 seniorar møtte til tur i dag 17.februar. Vi ville gjerne gå tur til Vikåsen i Øygarden. Men med stiv kuling fra sør, søraust valgte vi ein annan tur. Det ville bli for vindfullt, der ute med havet på Jurfethauen i dag.

Turen vår starta fra parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje. Der gjekk vi langs Skiftedalsvatnet mot vest, litt grusveg, over Skjenet og på sørsida av Skiftedalsvatnet, på natursti. Vi var nedom stranda/fjæra i Arefjordpollen og vidare opp på turvegen. På Turboplassen, Barnas Turlag sin plass i skogen, hadde vi matpausen vår.

Derfra gjekk vi vidare på turvegen, Kyrkjevegen som er grusveg, til Hjelteryggen tur/retur. Vinden merkast godt på dei høgste punkta på vår veg. Vi fekk mykje frisk luft.

Turtida vart 2 t. og 25 min.

Matpause for seniorane på Turboplassen
Matpause for seniorane på Turboplassen Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Skrevet av Anne-Liv Foldnes Bjørsvik 17. februar 2016