Seniorane fekk høyre historie og gå i fin natur på Misje i dag 9. mars.

"Vest i Markja" på Misje
"Vest i Markja" på Misje Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

32 seniorar fann vegen til Misje. Velkommen til nye som ville gå med oss, og velkommen tilbake til dei som har hatt ein pause fra turgåing med oss.

På Misje hadde vi avtale med Jostein Misje. Vi fekk låna parkeringsplass av han. Ikkje minst fortalde han om bygda si.

Her har dei vore kreative, og folk med pågangsmot for å livnære seg.

"Vest i markja" gjekk vi på natursti. Her var merka løype. Vi gjekk til Hytto. Det vart ein rundtur. På asfalt tilbake, men pytt, det var litt å sjå og få med seg her også.

Propellen som står der bussen snur, er eit fint symbol for bygda. Det har vore mange båtar her på øya. All transport gjekk på sjøen før brua over Solsviksundet kom. 

Vi hadde bra vær. Det var kjekt å gå ein lett tur på Misje. Tidsskjema rauk, men eg tur vi alle sat att med gode opplevelsar. Det vart 3,5 timar fra vi starta i Fjell til vi avslutta og gjekk i bilane att.

Matpause "Vest i markja" på Misje
Matpause "Vest i markja" på Misje Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik