Vindeneskvarven i strålande sol

Høybøen Vindenes
Høybøen Vindenes Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Søndag 24. april var vi 21 personar som starta på turen til Vindeneskvarven. Det var fin sol. I stien var det  nokre veldig våte parti, men fint terreng å gå i.

Først var vi nedom Høybøen. Det er eit område som viser tidlegare busetnad. Øydegarden på Høybøen er eit døme på ein mellomaldergard.

Vidare gjekk vi til Kvarven. Der hadde vi matpause. Vi kunne nyte mat og drikke men ikkje minst sola i ein sørvendt bakke. Likeeins kunne vi sjå seilbåtar i Hjeltefjorden.

På tilbaketuren var vi bortom ei gravrøys i ein haug oppom Høybøen.

Dette var ein fin tur. Vi brukte 3,5 timar.

Mot Vindeneskvarven. Bok å skrive navnet i.
Mot Vindeneskvarven. Bok å skrive navnet i. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Vindeneskvarven
Vindeneskvarven Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Vindeneskvarven
Vindeneskvarven Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik