Seniorturen til Selstøbuene og Bekhilderen

Selstøbuene i Sund
Selstøbuene i Sund Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Turen i dag 25. mai vart ein fin og varm tur for 22 personar. Det var strålande sol og fint terreng å gå i.

Fra vi starta i Fjell og til vi var tilbake der brukte vi 4 t. og 45 min. Derav ca. 4 t. ute i terrenget.

Først gjekk vi ned til Selstøbuene og deretter til Bekhilderen. Arthur Selstø losa oss trygt av garde på stien, og fortalde oss om Selstøbuene og andre ting under vegs.

Ved Bekhilderen var det litt for mykje flo til at vi kunne gå tørrskodd heilt inn. Den eine personen som prøvde seg, og var inne vart litt våt på føtene.

På berga utanfor  hadde vi matpause med bølgeskvulp som musikk til maten.

Takk for ein fin tur med kjekke turdeltakarar!

Selstøbuene
Selstøbuene Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Arthur Selstø fortel om eit Kvernhus. Dette er på veg til Bekhilderen
Arthur Selstø fortel om eit Kvernhus. Dette er på veg til Bekhilderen Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Ved Bekhilderen
Ved Bekhilderen Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Sjøen utanfor Bekhilderen
Sjøen utanfor Bekhilderen Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Ved Bekhilderen. 1. turleiar med nokre av turdeltakarane
Ved Bekhilderen. 1. turleiar med nokre av turdeltakarane Foto: Mai Villanger