Seniorturen til Dronninga 14.09.2016

Matpause på Dronninga
Matpause på Dronninga Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

21 seniorar fann vegen til Dronninga på Askøy i dag. Derav 2 nye som vi ønskjer velkommen på tur med oss.

Etter oppmøte på Fjell vart det biltur til Askøy. Vi starta turen fra Haugland. Her var det litt asfalt og grusveg før vi starta oppstigninga på natursti i skogsområde.

På ein måte kan vi væra glad at ikkje sola kom fram. Det vart varmt nok utan den. Trur alle fekk svetten ut i motbakken. Stigninga var på 150 m. til toppen. Vi brukte 1,5 time opp.

Oppe på platået hadde vi matpause. Deretter gjekk vi ein annan veg nedatt. Litt steinete - før vi igjen gjekk inn i skogsområde. Her inni skogen var det litt trolsk med mose og sopp både på bakken og på trea.

Vi hadde berre nokre dråpar med regn på oss på veg oppover. Det tordna noko då vi var på veg nedatt, mens regnet kom då vi var ferdig med turen.

Takk for turen!


Matpause på Dronninga
Matpause på Dronninga Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Furu ved utsiktsplass på Dronninga
Furu ved utsiktsplass på Dronninga Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Skrevet av Anne-Liv Foldnes Bjørsvik 14. september 2016