Fellesturen 25. september Ågotnes - Solsvik

Matpause ved gamle Landro skule.
Matpause ved gamle Landro skule. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Så er dei 5 etappane Fjell-på-langs unnagjort for 2016. Gratulerer til dei som har gått alle 5 etappane i år.

Vi var 7 personar på Fellesturen i dag. Det var siste etappe av Fjell-på-langs, Ågotnes til Solsvik. På Ågotnes starta vi på litt asfalt så sti innom skog. Vidare ut i ope landskap. Her var lett å gå. Det var både sol og vind, men det fekk vi i ryggen.

Vel framme ved restane av gamle Landro skule hadde vi matpause. Her bles det ganske mykje så vi gjekk i ly for vinden. Litt orientering om den gamle skulen fekk vi og med oss. Praten gjekk livleg og matpausen vart lang.

Deretter gjekk vi på austsida av Fuglavatnet. Ved klatreveggen var det folk som truleg ville klatre. Vi var heller ikkje aleine i stien. Fleire hadde teke ut i marka for søndagstur på ein solskinnsdag.

Det var vått i stien, men eg har sett det verre her ute. Turen var berekna til å ta 3 timar. Vi klarte det fint på den tida sjølv med lang matpause.

Takk for ein fin tur!


Skrevet av Anne-Liv Foldnes Bjørsvik 25. september 2016