Bildevatnet rundt med omvisning hos FjellVAR

Matpause på Skinntikevarden
Matpause på Skinntikevarden Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Ein liten pause sør for Bildevatnet
Ein liten pause sør for Bildevatnet Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Stig Hagenes viser oss rensemåten for vatnet.
Stig Hagenes viser oss rensemåten for vatnet. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Flott tur i strålande haustver med 42 spreke seniorar i dag 2. november

Turen gjekk fra Bildøybakken på asfalt. Så på sti langs austsida av Bildevatnet. Matpausen tok vi på Skinntikevarden, 221 moh. Flott utsikt i alle retningar. Litt vått var det i stien, men sola varma godt.

På tilbakevegen var vi innom FjellVAR, BILDØYVATNET VASSVERK. Der fekk vi omvisning av Stig Hagenes. Godt å sjå at drikkevatnet vårt er i trygge hender. Ein flott tur.

Skrevet av Anne-Liv Foldnes Bjørsvik 2. november 2016