turboklubben i fjell

Tidspunkt: annakvar onsdag 17:30 - 19:00

Kontakt:  barnas.turlag.fjell@gmail.com

Leiar i Barnas Turlag Fjell: Heidi Reisegg Endal, tlf 91855562.


Turboklubb er kjekt for både store og små.
Turboklubb er kjekt for både store og små. Foto: Heidi Reisegg Endal

Me i Barnas Turlag Fjell arrangerer Turboklubb for barn i alderen 5-10 år. Me møtast annakvar onsdag kl. 17:30-19:00.

Turboklubben er et friluftslivstilbod for barn med faste treff i nærmiljøet. Målet med Turboklubben er å lære barn enkelt og naturvenleg friluftsliv ved å være ute saman, leike, oppleve, undre, utforske og lære om naturen. Det er eit lavterskeltilbod som gjev barna sjølvtillit og god sjølvkjensle gjennom meistring i naturen. Barna knytter nye venskap.

Det er i dag fleire Turboklubbar i Bergen og Hordaland Turlag. Det er aukande interesse for friluftsliv.

Me gjer merksam på at barn under 8 år må ha med seg ein vaksen.

Me har plass til 20 barn. Ta kontakt på barnas.turlag.fjell@gmail.com for påmelding.

Me treng fleire turleiarar, så om dette er noko du kunne tenke deg kan du ta kontakt på vår e-post.

Det er gratis å være med i Turboklubben, men barnet må være medlem av DNT. Det kostar 130 kr i året. Ein kan melde seg inn her:

Pakk i sekken:

  • niste og drikkeflaske / termos
  • hovudlykt
  • sitteunderlag
  • spikkekniv (om du har)
  • lett byttetøy

Bergen og Hordaland turlag ved André Marton Pedersen har laga denne fine videoen med stemningsskildring frå Turboklubben: